REFORMASJON: Professor Bård Mæland (forsidebildet) snakka om toregimentlæra til Luther. Bildet ovanfor: Magnhild Meltveit Kleppa (Sp),til venstre, Marie Ljones Brekke (KrF) og Ingrid Fiskaa (SV) deltok i debatt leia av Tom Hetland. FOTO: PETTER OLSEN

‘- Kyrkja kan bli dilettantisk

TILBAKEBLIKK - REFORMASJONSJUBILEET Ung KrF-politikar reagerer på at Den norske kyrkja er tydelegare i politiske spørsmål enn i andelege.

BRYNE: Det er 26. oktober 2017, og i storsalen på Time bibliotek har mange benka seg om temaet kyrkje og politikk. Bakgrunnen er reformasjonsjubileet, og overskrifta er «å lyda Gud meir enn menneske» (jf. Apg 5,29). Professor i systematisk teologi ved Vid vitenskapelige høgskole, Bård Mæland, er invitert til – slik han sjølv omtalar det – å leggja fram 500 års historie på ein halv time.

Professoren minnar om tanken frå Luther om at Gud styrer verda gjennom to regiment – det andelege og det verdslege, eller det indre og det ytre.

Faremoment.

– Faren med denne måten å tenkja på, er at nokon ynskjer å blanda desse to saman. Det kan resultera i totalitære regimer. Det motsette av det er teokrati, og det finn me døme på innan reformert kristendom, seier Mæland. Han konkretiserte ikkje dette siste, men tenkte nok på reformatoren Jean Calvin, som frå 1541 organiserte Genève som ein «gudsstat».

Å halda regimenta heilt frå kvarandre er heller ikkje uproblematisk.

– Døme på det er at politikarane ikkje har sans for innbyggjarane si tru og overtyding, eller at kyrkja blir stille i det offentlege. Luther tenkte at forkynninga skulle ha relevans for livet i samfunnet, sa Mæland.

Ein tredje fare slik professoren såg det, er at kyrkja blir «dilettantisk», som tyder overflatisk eller ukunnig. Med det meinte han at kyrkja uttalar seg med eit moralsk engasjement om ting utan å ha sett seg inn i den aktuelle saka.

– Kyrkja bruker då opp den moralske eller politiske kapitalen, sa Mæland. Som døme viste han til at tidlegare biskop Rosemarie Köhn hadde uttala seg om beordringssystemet i Forsvaret.

Styring.

«Kven styrer Gud best gjennom», spurte Mæland retorisk: – Me kunne ha mora oss med å setja «kristeleg» føre andre partinavn enn KrF. Luther ville sagt at Gud styrer både gjennom Støre og Hareide.

Professoren slo fast at politikk ikkje er eit framand område for kristen tru etter Luther si tenking.

– Ein argumenterer ikkje med bibelord på politikken sitt område, og grensa for ein prest går ved partipolitkk, sa Bård Mæland.

POLITIKK: Samvitskonfliktar var eitt av temaene i debatten mellom Magnhild Meltveit Kleppa (Sp), til venstre, Marie Ljones Brekke (KrF) og Ingrid Fiskaa (SV). Debatten var leia av Tom Hetland. FOTO: PETTER OLSEN

Tidlegare sjefredaktør i Stavanger Aftenblad og spaltist i Sambåndet, Tom Hetland, leia ein debatt mellom tre politikarar: fylkesmann i Rogaland, Magnhild Meltveit Kleppa (Sp), Marie Ljones Brekke (KrF) og Ingrid Fiskaa (SV). Det overbyggande spørsmålet for debatten var dette: «Luther utfordra samfunnet. Bør det utfordrast i vår tid? Korleis?»

Konflikt.

Politikarane fekk først spørsmål om dei hadde erfaring med å stå i konflikt mellom livssyn og politiske avgjerder.

Magnhild Meltveit Kleppa stadfesta det og nemnde grenser for gen- og bioteknologi og felles ekteskapslov. På Sp sitt landsmøte var det ein overvekt på tre stemmer som avgjorde at partiet skulle seia ja til utvida lova med samkjønna par.

– Eit argument var at partnerskapslova var tilstrekkeleg, men eg skjøna etter kvart at det for dei homofile handla om likeverd, sa Kleppa, som la til at ho ikkje brukte Bibelen i argumentasjonen.

Abort.

Marie Ljones Brekke frå KrF trekte fram det faktum at partiet henna har vore med på å administrera lova om sjølvbestemt abort. Vidare at Norge er det einaste landet i Europa som tillet tvillingabort.

– Eg ynskjer ikkje at KrF skal gi tilslutnad til ein slik del av lova, og eg er òg ueing i abortlova totalt sett. Som kristen politikar er det kristne menneskesynet det aller mest grunnleggjande, sa Brekke.

Sjølv om abortlova er eit problem for eit KrF i posisjon, meiner Brekke at partiet har nytta det handlingsrommet ein har hatt, på andre måtar.

Krig.

I motsetnad til dei to andre svara SV-politikar Ingrid Fiskaa at ho «faktisk ikkje» hadde vore i samvitskonflikt så langt. Det vanskelegaste spørsmålet har for henne vore om Norge skal delta i krigshandlingar.

– Ville det ha vore vanskelegare for deg om samvitet ditt var forankra i religiøs tru, spurte Tom Hetland.

– Eg trur ikkje det. Eg tenkjer at samvitet mitt fungerer på same måte som hos ein som har ei religiøs tru, svara Fiskaa.

Politisk kyrkje.

Panelet fekk òg spørsmål om kor langt kyrkja kan gå utan å bli det Bård Mæland kalla «dilettantisk». Debattleiar Hetland viste til dømet med Høgre-politikar Tina Bru, som annonserte at ho ville melda seg ut av Den norske kyrkja (DNK) etter at to biskopar sa at Norge burde bremsa oljeproduksjonen.

– Eg opplevde at det var ein måte for kyrkja å engasjera seg i forvalting av skaparverket og i kvardagen til folk på, sa Kleppa.

Brekke frå KrF var langt meir skeptisk: – Eg synest ikkje det er lett å skjøna kvifor DNK gir så tydelege svar her når kyrkja avstår i spørsmål som har opplagde svar i kristen tru og tenking. Evangeliet og sjelens frelse gir kyrkja ofte for utydelege svar på. DNK blir nokre gonger forblinda ved at ein ikkje tar ansvar for dei totale konsekvensane i saker ein uttalar seg om, meinte Brekke.

Kleppa repliserte at det for henne hadde vore godt å skilja mellom politisk syn og det å vera ein kristen. Ho hadde eigentleg ikkje tenkt å engasjera seg i politikk i det heile. Ho fekk spørsmål om å vera med i KrF, men tok eit anna val.

– Kristenfolk på Hjelmeland har veldig ulikt samfunnssyn, sa Kleppa om heimstaden sin.

Polarisering.

Tom Hetland retta merksemda mot USA, der kyrkjesamfunn er polariserte politisk.

– Ser me noko liknande i Norge med ei radikalisert folkekyrkje og meir konservative frimenigheter, spurte han.

Magnhild Meltveit Kleppa meinte at ein kan finna døme på dette: – Me er oss sjølve så uendeleg nok. Nokre kristne forsamlingar andeliggjer atskillig meir enn det som er andeleg, medan andre ting blir tona ned, sa Kleppa – utan å konkretisera.

Marie Ljones Brekke sa seg einig med Hetland i at DNK har blitt meir radikal. Ho meinte ei slik kyrkje finn meir tilhøyrsle hos SV enn hos dei blå.

– Når politikken generelt vert polarisert, er det naturleg at det òg skjer blant kristne, sa Ingrid Fiskaa, som elles ikkje trudde at fotfolket i kyrkja oppfatta biskopane som for radikale.

– Kjerna i kristendom er nestekjærleik. Då må kyrkja kunne ta standpunkt utan å bli anklaga for partipolitkk, meinte SV-politikaren.

Viktigast.

SEMINAR: Ein fullsett sal i Time bibliotek fekk med seg seminar om kyrkje og politikk. FOTO: PETTER OLSEN

KrF-politkar Brekke meinte andre ting enn politikk er viktigst for kyrkja.

– Eg trur og håpar at at DNK først og fremst vil konsentrera seg om det andelige regiment – at folk skal finna himmelvegen.

Brekke var likevel samd i at kyrkja heva røysta under 2. verdskrig då menneskeverdet vart råka.

– Det bør vera nokre opplagte saker for kyrkja å engasjera seg i, så som abort, sortering av menneske og forfølging av kristne i Midtausten. Det er mykje meir opplagt at kyrkja skal vera på i desse sakene enn om oljeutvinning i Lofoten, sa Brekke.

Samvit.

Neste tema frå Tom Hetland var i kva grad staten skal blanda seg inn i det som har med livssyn å gjera, til dømes om fastlegar skal kunne reservera seg mot å henvisa til abort. Ingrid Fiskaa tok ordet:

– Det må vera opning for ikkje å utføra ordre. Nokre spørsmål er grunnleggjande nok til det. Men det er òg slik at det helsetilbodet samfunnet skal ha, må utførast. Då oppstår det praktiske problem der ikkje berre omsynet til den einskilde lege skal vera avgjerande. Kanskje er det rett og slett nokre yrke ein ikkje kan ha, sa SV-politikaren – som ikkje kunne koma på konkrete døme der ho kunne tenkja seg å støtta reservasjonsrett.

Brekke såg annleis på den aktuelle saka og viste til at reservasjon hadde vore praksis i mange år:

– Å henvisa til abort er det same som å henvisa til å avslutta eit liv. Eg vart skremd over kor lite forståing det var for desse legane, og eg lurar på kva retning vi går i. Som politikar ynskjer eg å skapa rom for samvit, understreka KrF-representanten, som fekk delvis støtte frå Kleppa:

– Å gi desse fastlegane fritak, vart problematisert vel mykje.

Dilemmaer.

Marie Ljones Brekke og Magnhild Meltveit Kleppa var samde om at det vil bli endå fleire dilemmaer framover:

– Eg trur det moralske aspektet kjem til å stå mot marknadskreftene. KrF har hatt ein alliert i Høgre. Eg vonar partiet kan sjå lenger enn kost–nytte-effekten, sa Brekke.

– Me ser enno ikkje omfanget av dette, og her vil det vera stort rom for samarbeid mellom politikarar og kyrkja, sa Magnhild Meltveit Kleppa, som dermed fekk siste ord i storsalen i Time bibliotek.        

0 replies

Legg igjen et svar

Want to join the discussion?
Feel free to contribute!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.